Del Søker skodespelarar til bachelorfilm i Trondheim !

Søker skodespelarar til bachelorfilm i Trondheim !

Kompensasjon: 5 000 kr

Søker skodespelarar til bachelorfilm !

Honorar: 5 000kr for heile perioden (inkl. forarbeid).

Når: 5-7 dager i veke 16 eller 17 (13.04-26.04)

Kor: Trondheim (utandørs)

Me er i gang med preproduksjonen av bachelorfilmen vår "Flukt" og søker dermed å fylle følgende roller:

IDA (19) – Yngst i gjengen, glad i fest, lever livet fullt ut utan å tenka på konsekvensane. Tross alt pleier alt å ordna seg. Denne haldninga må Ida brått legge ifrå seg, når ho køyrar på ein mann med bilen sin etter å nyleg ha fått førarkortet, og tanken av å starte vaksenlivet i fengsel treffer henne.

AMALIE (20) – Veninna til Ida. Meir strukturert og konsekvensorientert enn Ida, framstår omtenksamt men har også ein egoistisk side bak den «ordentlege» fasaden.

ADAM (21-25år) – Kjærasten til Ida. Vil framstå som tøff, til og med når det går på bekostning av andre. Klassisk eksempel på den litt eldre dustete kjærasten til ei i gjengen, som blir tolerert av resten sidan han er kjærasten til ei i gjengen sjølv når de ikkje ser kva ho ser i han.

Alder er meir enn peikepinn utsjånad-messig, så det er ingen problem å søke sjølv om man er litt eldre :)

Verkar dette interessant? Ta kontakt for meir informasjon!





Les mer

Registrer deg gratis for å søke oppdraget

eller skap konto med e-post
Allerede medlem? Logg inn her!